Fra Fjordenes tidene 13.08.07

Det var to eidalag og fire tilreisande
lag på ranking-turneringa i sandvolleyball
på Nordfjordeid laurdag. Eidarane
tok delt femteplass, som vil
seie jumboplassering. Best i turneringa
vart eit ungt trønderlag.
– Vi spelte ganske jamt, og på den
lange erfaringa vi har, seier Bodil K.
Hjartåker, leiar i Eid Volleyballklubb,
og deltakar i turneringa på
lag med Liv Marie Wedvik.
Hjartåker seier at når ein har spelt
i mange år, er det kjekt å klare å halde
nivået oppe og kunne spele mot
unge, lovande spelarar.
Også Eid sine Rita Karin Nyland
og Aina Jøranli Heggen deltok i turneringa.
Arrangøren meiner det er viktig å
ha lokale lag som stiller på ei slik
turnering, fordi det gjev gode innleiande
rundar.
Gøy å vinne
Det kom litt regn under bronsefinalen,
og derfor vart finalen utsett til
det slutta å regne. I eit spennande og
jamt andre sett tok Okkenhaug/
Lindberg seieren. Dermed vann dei
den fyrste turneringa si hittil.
– Det var gøy, sa Siri Okkenhaug
(21), etter å ha mottatt premie for
beste lag saman med Marie Lindberg
(22).
Bodil K. Hjartåker kommenterte
at vinnarane hadde veldig god kommunikasjon
seg imellom, og også
svært gode servar. Laget jobba godt
heile tida, og med riktig teknikk.
– Vi har ikkje høgda, så vi ropar
på kvar ball. Vi plasserer heller enn
å kline til, sa Siri Okkenhaug.
Med seieren på Nordfjordeid er
Okkenhaug/Lindberg sikra plass i
hovudrunden i NM neste helg. Dei
åtte beste laga i Conoco Phillips ranking-
turnering går rett til NM.
I helga reiste vi til både Eid og Skjeberg for å samle poeng til NM. Nivå1 turneringa i Eid vant vi. I skjeberg klarte vi en tredje plass.

No comments: